top of page

Rusfri sone under Kollen 2024

Førige helg gjekk Holmenkollen Skifestival av stabelen, og over 22 000 menneske tok turen til Kollen for å vere med på den store folkefesten. Vi i Idrett Uten Alkohol var til stade, og saman med KRIK lagde vi til eit eige campområde; Rusfri Sone.



Foto: Marte Mandelid


Vi skilde oss sterkt ut frå dei andre som hadde tatt turen til Kollen, då alkohol rådde alle andre stadar enn i vår camp.


Prosjektleiaren vår i IUA, Marte Mandelid, var sjølv i Holmenkollen under den store folkefesten. Ho er overraska over kor mykje fyll og støy det var blant enkelte, og synast det er trist at den ekte idrettsgleda forsvann.


Ho er glad IUA og KRIK kunne tilby eit godt alternativ til andre som også reagerte på scenene i Kollen. Sjølv om vi var i mindretal, viste vi nemleg at det går an å ha det kjekt utan å ty til alkohol. Vaffelservering, aktivitetar og dans – noko anna var ikkje naudsynt for at vi skulle få det kjekt!

 

Det var ei helg fylt med positiv energi og samhald, og vi håpar å inspirere fleire til å velje meir rusfritt i framtida.

bottom of page