top of page

Historie

Bakgrunn

Asbjørn Kloster fekk syn for den menneskelege ulukke alkoholen førte med seg då han som ungdom arbeidde i faren si krambu og hjå andre handelsmenn i Stavanger. Der opplevde han ein sterk kontrast frå den vestlandske lekmannsrørsla av haugiansk type som foreldra hadde ein viss tilknytning til og livsstilen mellom byens embetsmenn og handelssosietet og det temmeleg lausslepte levesettet til sesongarbeidarar og tilreisande sjøfolk.

Etter kvart skaffa han seg boklærdom, og av kvekarane i byen og to engelske kvekarar som besøkte Stavanger i 1846 fekk den evnerike guten tilbod om eit lengre studieopphald i England. Det var heile tida språket han først og fremst studerte, men også teologi og kyrkjehistorie, og dessutan historie og engelsk samfunnsliv. Vel attende i heimbyen, tok han straks skritt til å realisera sin eigen privatskuleplan. Han tok til med 10-12 elevar og i slutten av 1850-åra hadde han over 100 elevar. Kloster var ein dyktig og målmedveten pedagog med strenge krav Men han var samstundes venleg og full av forståing for elevane. Heile tida arbeidde han vidare på si eiga utdaning, var fleire gonger i England og han held kontakten med venene sine. Gjennom brevskriving vart impulsar utveksla.

Historisk bilde av en gruppe menn.

Den offisielle stiftingsdagen til DNT-Edru Livsstil er 29.12.1859 då 120 menn, kvinner og barn var til stades i Asbjørn Kloster sitt skulehus i Stavanger. Kvekaren og privatskulelæraren Asbjørn Kloster var då 36 år gamal. Han hadde henta idéen frå England, Irland og USA der totalavholdsabeidet alt var i gang. Stavanger yngre Afholdenhedsforening kunne starta opp med 30 medlemer og Asbjørn Kloster vart vald til formann. I 1875 vart DNT-Edru livsstil ein landsomfatande organisasjon under namnet, Det Norske Totalafholdsselkab, og Kloster var den sjølvskrivne leiaren frå starten av. Det vart oppretta kontor i Oslo, og medlemsbladet Menneskevennen kom ut.

Den eldre fråhaldsrørsla

Den norske Forening mod Brændeviinsdrik og Det norske Afholdsselskab var begge imponerande folkerørsler som kunne skilte med mange kjente namn i medlemsstokken frå 1840-åra og utover. I 1855 oppga førstnemnde eit medlemstal på 30.000 og i 1860; 35.000. Etter kvart hadde dei ikkje påverknadskraft i høve til det store medlemstalet. Lina med det ufullstendige avholdsstandpunktet appellerte ikkje til komande leiarpersonar i samfunns- og kulturliv og vart dessutan avvist av akademisk ungdom. Denne mellomløysinga med å avvise brennevinsdrikking, men tillate øl og vin hadde ein for lengst gått bort frå i England og USA. I 1869 måtte Foreningen mod Brændeviinsdrik avslutte verksemda si.

Føremålet med Det Norske Totalavholdsselskap

Fra innbydingsteksten til stiftingsmøtet i Stavanger:

Det skulle opprettast ei forening som påla medlemene å halda seg borte frå brennevin, vin og øl.

Asbjørn Kloster utarbeidde «Regler og Bestemmelser» der føremålet og vilkåret for medlemskap vart slått fast i dei tre første paragrafane i lagsstatuttane. Dette er grunnprinsipp for alt seinare totalavholdsarbeid i Norge. Det var ei kompromisslaus kampline, for det var ikkje berre krav om personleg avvisning av alkoholhaldig drikk, men også eit forbod mot å by, gje eller selja alkoholvarer; det var eit frontalangrep mot «ondets rot», mot sjølve fundamntet for den alkoholbrukande livsstilen.

Ein av DNT-Edru Livsstil sine seinare formenn, redaktør av Menneskevennen og stortingsmann, Sven Aarrestad skreiv i 1883 ein programartikkel at den viktigaste oppgåva for avholdsfolket låg på det politiske planet. Han staka ut den kursen som fråhaldsfolket i hovudsak har fylgt sidan. Lagsarbeidet har truleg lidd under at leiarane var så sterkt engasjert i det utovervende alkoholpolitiske arbeidet.

Lagsarbeidet

Men leiarane sitt utovervende alkoholpolitiske arbeid smitta likevel sjølvsagt over på medlemene, og lagsarbeidet har vore merkt av studiearbeid og programarbeid, og at det ein periode var populært å brevveksle med andre lag for å utveksle idear og arbeidsform. Laga i DNT-Edru Livsstil har opp gjennom åra teke initiativ til, og/eller delteke i store informasjonskampanjar og lokalpolitiske markeringar bygt på sakleg kunnskap. I mange lag innebar engasjementet også satsing på kor, teater og musikk. Redaktøransvaret for dei handskrivne avisene gjekk på omgang i laga, og medlemene fekk på denne måten trening i å fortelja, skriva dikt, å framføra eigne synspunkt, og ikkje minst fekk dei trening i møteleiing og demokrati.

Medlemstalet

Organisasjonen hadde sitt toppår i 1913 med 139 500 medlemer, 1 433 lokallag og 29 fylke. Ingen andre norske frivillige organisasjonar kunne true DNT-Edru Livsstil sin førsteplass når det gjeld omfang i Sven Aarrestad si formannstid.

Arbeid og samarbeid

Gjennom Avholdsfolkets Landsnevnd (frå 1895) vedtok organisasjonsleiarane å opptre som eige parti ved Stortingsvalet, og dei utarbeidde valprogram for det nye «Avholdspartiet». Sven Aarrestad vart vald til den første formann i Landsnemnda og Avholdspartiet.

Eit eige avholdsparti på Stortinget har vi ikkje i dag, men organisasjonen har ikkje mist trua på at det nyttar å påverke ungdom, politiske personar og parti og folk flest med kunnskapsbaserte informasjonar. I våre dagar er informasjon og kommunikasjon via digitale hjelpemidlar meir i bruk enn gamle dagars former for samfunnspåverknad

Nytt namn

På landsmøtet i Kristiansand i 2015 vart namnet til organisasjonen endra frå Det Norske Totalavholdsselskap til DNT – Edru Livsstil.

Formenn og leiarar gjennom historien:

Formann for bestyrelsen for centralforeningen:

  • 1862 Nils Hansen

  • 1863 Kr. Holt

  • 1864-1867 Th. Holter

  • 1868-1875 Asbjørn Kloster

Formann i Det Norske Totalavholdsselskap:

  • 1875 Asbjørn Kloster

  • 1876-1878 Peder Sunde

  • 1878-1879 Torkil S. Tunem

  • 1879-1887 Oscar Nissen

  • 1887-1927 Sven Aarrestad

  • 1927-1935 Olav Vevle

  • 1935-1946 Arne Braadland

  • 1946-1950 Arne Kvam

  • 1950-1957 Einar Arne

  • 1957-1971 Stein Fossgard

  • 1971-1977 Jens Aasland

Leder i Det Norske Totalavholdsselskap:

  • 1977-1987 Kjell Normann Johanssen

  • 1987-1991 Torkel Tjeransen

  • 1991-1995 Elin Rø Ludvigsen

  • 1995-1999 Asbjørn Solberg

  • 1999-2003 Harald Dyrkorn

  • 2003-2007 Terje Vindenes

  • 2007-2009 Sofus Rasmussen

  • 2009-2013 Kjell Knutsen

  • 2013-2015 Jorunn S. Holsen

Leder i DNT – Edru Livsstil

  • 2015-2019 Sigmund Kroslid

  • 2019 – Jostein Solbakken

Kilder:
«125 år for alles vel» DNT 1984 342 s. av Haakon Odd Christiansen, Arne Fjørtoft, Stein Fossgard, Per Fuglum og Jens Risdal

bottom of page