Idrett Uten Alkohol sin rapport for 2023 er hermed ferdig, og eg er stolt over at prosjektet utviklar seg for kvart år som går! Vi har jobba hardt for å fremje ein alkoholfri idrett og for dele vår bodskap til utøvarar, foreldre, trenarar og leiarar i idretten.
Bakgrunnen for tiltaket vårt stammar frå eit ynskje frå Norges Idrettsforbund om ein alkoholfri idrett, slik det framgår av deira regelverk. Sjølv om praksisen for å gjennomføre vedtaket varierer, har vår visjon alltid vore å støtte idretten i å bli ei alkoholfri sone. Vi har heldt fram med det førebyggjande arbeidet retta mot organisert og uorganisert idrett, med ei spesiell vekt på å nå ut til barn og unge.
I løpet av 2023 har vi opplevd auka aktivitet og engasjement, og vi har no passert over 7400 ambassadørar og medlemmar etter oppstart i 2007. Deira frivillige innsats har vore ei uvurderleg styrke for vårt arbeid.
Våre IUA-utøvarar, som er dyktige idrettsutøvarar frå heile landet, har vore gode ambassadørar for vårt prosjekt. Vi har òg utvida samarbeidet vårt med ulike idrettslag og klubbar, og det har vore givande å sjå korleis dei tydeleg støttar saka vår.
Som prosjektleiar vil eg takke alle som har vore ein del av vårt fellesskap og som har støtta oss. Vi ser fram til eit endå meir inspirerande 2024, der vi håpar på å utvide påverknaden vår og nå endå fleire med vår viktige bodskap.
La oss saman halde fram med å skape positive endringar i idrettssamfunnet!
Mvh.
Marte Mandelid
Prosjektleiar