Sportsfantasten som ikkje ville la seg målbinda

IMG_8089
SPORTSGURU MED STERKE MEININGAR: Den folkekjære sportsjournalisten Davy Wathne kan snakka på inn-pust og ut-pust om idrett, er Bergenspatriot og har sterke meiningar. I august kjem han til Knarvik-konferansen for å snakka om lidenskapen sin.

Når Davy Wathne tenkjer seg om, har han nok alltid vore meir enn alminneleg sportsinteressert. Til mor hans si store fortviling.

Tekst og foto: Gro Anette Fanebust

Mor til Davy Wathne ønskte at den lettlærde sonen skulle verte lege. Men det var idrettsarenaen som lokka interessa til den unge bergensaren. På markane på Storetvedt var han å finna frå morgon til kveld i heile oppveksten. Det var her borna i nabolaget var samla, anten dei laga hoppbakke, hadde slalåmkonkurranse, eller lagde fotballbane, med mål av trollgarn som dei stal frå kjellarboden til nabo Kristiansen.

Lilleputt på Brann

Når unge Davy Huey Wathne ikkje var å finne på markane på Storetvedt, var han gjerne på Brann Stadion saman med far og onkel «Putte». Der hadde han sine første store idrettsopplevingar, og 8-9 år gamal byrja han sjølv å spele på lilleputtlaget til Brann. Å høyre Davy Wathne snakka om idrett er som å få servert alle svara i Kvitt eller Dobbelt. Han hugsar store og små hendingar, namn på idrettsutøvarar, årstal, kven som vann, kven som spelte kampane, og rundetider. Han er eit levande leksikon når det gjeld idrett. Så har det også vore hans store lidenskap. Så å seie sidan han kom til verda. Eller i alle fall så lenge han kan hugse.

Journalistikkens Paria Kaste

Men det var ikkje sjølvsagt at Davy skulle få driva med det han likte aller best. Heile livet har han måtte forsvara lidenskapen for sport; – Spesielt ovanfor mor mi, som først vart skuffa då eg vart lærar, men då eg i tillegg vart sportsjournalist tykte ho det var heilt forferdeleg sløsing av evner, fortel Wathne humrande. Mor til Davy ønskte at sonen skulle nytta evnene sine, og verte lege. Også venene synes det var eit dårleg karriereval å satsa på sportsjournalistikk.

– Skriv du berre sport? – spurte dei, som om sportsjournalistikken var ei slags paria kaste. – Eg har måtta forsvara sportsjournalistikken gjennom heile livet, fortel Wathne, som sjølv takkar idretten for den han er i dag.

– Idretten har betydd mykje for mi karakterforming og gjennom nærkontakt med ulike idrettsmiljø. Eg har lært mykje. Vakse mykje. Det er ikkje sikkert eg hadde blitt like raus og omgjengeleg om eg hadde blitt kirurg, trur Wathne, og held fram i same sporet litt til.

– Eg har lært mykje av idretten, både av utøvarar og av det å vera ein del av idrettsrøyrsla. Eg kjenner få ufordragelege idrettsutøvarar. Folk vert bra menneske gjennom idretten konkluderar han.

 

Kjernesunn på grasrotnivå

Davy er ikkje i tvil om at idretten er kjernesunn. I alle fall på grasrotnivå.

– Eg har grunnfesta tru på sunnheiten i idrettsrøyrsla, men er meir uroa for unotane på toppen med pengebruk og maktarroganse. Makt korruperer. Ikkje berre i politikken og i næringslivet, men og i idretten, seier han bestemt og slår fast at makt krev disiplin.

Wathne har tidlegare tatt til orde for at idretten skal vera ein friplass frå alkohol. Tysdag 29. august kjem han til Knarvik-Konferansen for å snakka om lidenskapen for idrett, men også om verdiar. Det er samarbeidspartnaren til KnarvikMila, det rusførebyggjande prosjektet Idrett Utan Alkohol, som har henta Wathne til konferansen.

 

Avsporing

– Idretten er ein stad for vekst og utvikling. Der du knyt venskapsband. Der du utviklar gode haldningar, og her høyrer ikkje alkoholen heime. Idretten er så mykje flott. Det er så mange kjensler, så mykje engasjement, så mykje entusiasme og rike byggjande opplevingar at eg ikkje kan sjå at alkoholen gir nokon bonus. Tvert om synes eg det er ei avsporing. Det er å riva ned noko flott, seier Davy engasjert, slik vi kjenner han frå TV-ruta. Men også med glimt i augo;

– Sjølv er eg ikkje noko dydsmønster. Eg synes berre ikkje at alkohol framelskar gode eigenskaper. Eg synes ikkje ein vert verken god i engelsk eller flink til å dansa av alkohol, og myta om at vi har det så mykje kjekkare berre vi får drukke litt, det trur eg ikkje på, seier Wathne bastant, og legg til at han sjølv i si tid har opplevd å vera full på skytestevne.

– Det var utriveleg. Vi fraus og var kvalme. Åge datt ned frå eit tre og kutta opp nasa. Det er ein myte at fyll er så jævla gøy!

 

Rabiat fotballpappa

 

Som far til to jenter har Davy Wathne også stått på sidelinja i idretten. Det var han ikkje særleg god på.

– Eldstedottera slutta å spele fotball fordi eg var så rabiat på sidelinja. Eg var heilt usakleg. Ho sa til meg; Pappa, viss ikkje du klarar å oppføra deg, så sluttar eg å spele fotball. Så klarte eg ikkje oppføra meg. Så slutta ho. Davy ler ein trillande latter.

Kva tenkjer du om det å reisa med borna på cup og at foreldra gjerne tek seg ein tår på kvelden?

– Det er uhørt for meg. Cupane er der ungane skal få boltra seg. Det er sosial trening, det er samvær. Det er å læra seg vaksenlivet, å halda kjeft når lyset vert sløkt om kvelden- Det er å følga spelereglane. Kvifor skal dei vaksne då vera meir høgrøsta, meir brautande og koma full inn på sovesalen etter at ungane har lagt seg fordi dei har vore på by`n. Eg synes det er ein uting. Det er feil signal å gi, og det er idretten uverdig. Davy ristar på hovudet. Han synes heller ikkje noko om VIP-servering og alkoholsal på tribuna.

– Viss du ikkje går på fotballkamp for å støtta laget ditt, men for å bli underheldt å sjå laget ditt vinna, då har du ikkje skjønt noko. Ved å støtta laget kan ein løfta ein middelmådig spelar til å spela på høgt nivå. Fotballen skal ikkje vera attpåunderhaldninga medan ein drikk, då har ein misforstått. Idretten har ein magi og drakraft i seg, og er krydder nok i livet, avsluttar ein levande engasjert sportsjournalist, patriotisk som få, og sjølvsagt frå den desidert beste byen i verda.