Menneskevennen anno 1905

Tekst: Wenche Bakkebråten og Sissel-Anny Hjemtveit

En rask reise 100 år tilbake i tid til Menneskevennen i 1905 viser en helt annen men spennende virkelighet i DNT. Vi har sakset saker fra Menneskevennen anno 1905.

Menneskevennen kom ut med 51 utgaver i 1905. Vi kan lese at "Menneskevennen udkommer i Kristiania hver fredag og koster kroner 2 pr aar frit tilsendt".
Sven Aarrestad var redaktør, og med seg i redaksjonen hadde han legen Ragnar Vogt, og lærerne O. St. Isene og Jakob Gunnstveit. Det synes å være medlemmer av "øvrigheta" som skrev i Menneskevennen for hundre år siden. Her er ikke hvem som helst representert, og artiklene er tungskrevet, har et klart akademisk tilsnitt og er skrevet av leger, lærere og prester.

Menneskevennen da og nå

125 000 mennesker var medlemmer i DNT i 1905. Kun 1 av 30 holdt avisa Menneskevennen, med andre ord var opplaget på ca 4170 stk. DNT hadde da også mange ansatte rundt om i landet med den spesielle oppgaven å verve flere abonnenter til avisa.
Pr 21. september 2005 er det 2780 medlemmer i DNT, og Menneskevennen er et medlemsblad som går til hvert medlem. Siden mange par kun ønsker en avis pr husstand, er opplaget på rundt 2200. Hyppigheten på utgaver er redusert fra hver uke til annenhver måned.

Landsmøtets representanter samlet på Lillehammer i 1905 vedtok følgende hilsen Til Sveriges Afholdsfolk: "Det norske totalafholdsselskabs landsmøte, repræsenterende 125 000, samt Mjøstrakternes afholdsfolk, samlet i Lillehammer til fælles demonstrasjonmøde, sender gjennom svensk I.O.G.T Sveriges afholdsfolk sin hilsen.
Man er forvisset om, at 7. juni og 13. august ikke vil hindre halvøens to folk i fortsat samarbeide til bekjæmpelse af rusdrikkene"

Lokalpolitisk aktivitet i DNT 1905

DNT Sortland skreiv i Menneskevennen i 1905 at dei var svært nøgde med kommunestyrevalet. 13 av 16 kommunestyrerepresentantar kom inn frå fråhaldslista. Det var totalt fire vallister. Tre av dei fire formannskapsmedlemene var fråhaldsfolk. Dessutan var presten, alle lærarar og lærarinner (i alt 10) pluss fire tidlegare lærarar medlemmer av DNT.
Dei nemner også at "Opkasterdrammen" var ei viktig sak dette året. Det gjaldt "Salg af spirituøse drikke om bord i lokalskibene". Saka gjekk til odelstinget.

Frå Ålesund skreiv DNT at "Vår sak er sterkere representert i bystyret enn noensinne. Beslutningen om at sjappene skal lukke kl. 7 aften, viser seg at virke godt". Ålesunds formannskap gjekk imot rusdrikkhandel på lokalbåtane.

DNT Voss skreiv om eit folkemøte ein sundagskveld i februar 1905 om nytt ølutsal. 600 personar møtte. Representantar frå samlaget og fråhaldsfolk innleidde. Tysdag var saka oppe i heradsstyret, der framlegget om nytt ølutsal vart nedstemt med 18 mot 10 røyster. DNT Voss hadde i 1905 1100 medlemer, med sokneprest Eiesland som formann.
 

Utanriksnytt 1905

Bygnings- og møbelbransjen i Karlsruhe i Tyskland har fått ein halv time kortare arbeidsdag mot at dei pliktar å halda seg unna alkoholhaldig drikk i arbeidstida og i kvilepausar.

 

Alkoholpolitikk, industri og næringsliv i 1905

Redaktør i menneskevennen i 1905, Sven Aarrestad hadde "Rusdriktrafiken og næringslivet" som tema på eitt av foredragskursa sine. Med "rusdriktrafikk" meinte han alt som kom inn under arbeid og forretningsdrift for å stetta etterspurnaden etter rusdrikk.

Ut frå foredraget ser ein at alkoholindustri var ei stor næring alt for hundre år sidan. Berre bryggeria i Noreg representerte då ein kapital på ca 30 millionar kroner. La ein til kapitalen i brenneri og destillasjon, i restaurantar, kafear og forretningar som omsette alkohol, utgjorde det ein stor del av landets kapital. Ganske mange skaffa seg inntekt av denne industrien. Dermed hadde alkoholindustrien fått ein så stor plass i næringslivet, at kampen til fråhaldsfolket stort sett var ein kamp mot næringslivsinteressene.

Avisene skreiv at Stortinget kunne ikkje ha teke omsyn til næringslivet då dei vedtok ny alkohollov. Dei meinte at representantane i stortinget denne gongen var for fråhaldsvenlege. Difor måtte kravet til neste stortingsval vera: Er du næringsvenleg? Ingen kunne vera begge delar. Den som var fråhaldsvenleg, kunne ikkje vera næringsvenleg.

Sjølv om dei fleste vedgjekk at alkoholkonsum var skadeleg, skulle ikkje det sjåast i samanheng med næringslivsinteressene, det var ei sak for seg. Den vanlege oppfatninga var at "produksjonen var ei velsigning, medan konsumet kunne bli ei forbanning".

"Kva er det som gjer produksjonen så velsigna?" spurde Aarrestad. Det må då vera etterspurnaden eller konsumet, meinte han. Tek ein bort konsumet, fell heile næringa saman. "Velsigninga" er faktisk avhengig av "forbanninga". Alkoholnæringa var heilt avhengig av etterspurnaden og forbruket. Slik var det for 100 år sidan.