Frivillig heile livet

Like i utsjånad og tanke – slik beskriv dei fleste Boge-tvillingbrørne som har følgt kvarandre i tjukt og tynt gjennom nesten 80 år. No er Dagfinn borte, medan Ottar held fram arbeidet for deira felles interesse, fråhaldssaka.

tvillingar_ottar_boge
Ottar og Kjellaug feira gullbryllup i 2010, og er framleis like glade i kvarandre som då dei møttest.

Ottar Boge har alltid vore ein engasjert mann. Alt i barndomen var han aktiv i Indre Arna barnelag som vart leia av Asbjørn Solberg, og på konfirmasjonsfesten i 1952 gav både han og tvillingbroren sitt fråhaldsløfte som begge har heldt sidan.  Engasjementet for fråhaldssaka følgde Ottar gjennom både gymnastida på Voss og i studietida ved Universitetet i Bergen kor han studerte realfag.

Eg møter Ottar heime hjå han og Kjellaug, kjærasten han fall for på 50-talet og som han gifta seg med i 1960 etter ein sykkeltur Sørlandet rundt. Kjellaug hugsar turen som eit fint minne, og eg ser ho er nøgd med valet ho tok på bursdagen sin i 1958 då ho trulova seg med Ottar.

Lett å ta feil

– Det er mange som har tatt feil av Dagfinn og meg, ler Ottar og mimrar tilbake til då begge brørne jobba i skuleverket lokalt, men på kvar sin skule.

– Folk kommenterte at Dagfinn var så blid når dei møtte han på skulen, men når dei møtte han langs vegen var det ikkje så mykje som eit nikk. Heldigvis oppdaga folk i bygda fort at det var «to av oss» og at vi ikkje nødvendigvis kjende dei same folka.

Heldigvis oppdaga folk i bygda fort at det var «to av oss»

Dagfinn var for folk flest kjend som rektor ved Garnes skule, medan Ottar har arbeida på skular både på Sortland, Garnes og Bergen, i tillegg til to års undervisning i Bergen Kretsfengsel.

I bygda Arna utanfor Bergen, kor dei begge busette seg med kvar sin familie med berre eit par hundre meters mellomrom, er dei begge kjende som ja-menneske.  Brørne har hatt mange frivillige verv og har engasjert seg sterkt i lokalt samfunnsarbeid gjennom m.a. Arna Sogelag, Folkeakademiet, «Aktuelt tema», «Lokal agenda» og «Vi over 60». Skrivelystne har dei og vore begge to, og gjennom åra har dei ofte drøfta saker dei ville skrive om til medlemsblad og aviser før dei sette seg ned for å uttrykkje meininga si. Frivillig arbeid i fleire fråhaldsorganisasjonar har dei også hatt.

– Dagfinn var ofte leiar i styrer, medan eg har interesse for tal og har difor oftast tatt meg av rekneskap, fortel Ottar og hentar fram permar og dokument som vitnar om at han har orden i sysakene, medan han legg til – Vi har begge hatt fleire verv i fråhaldsrørsla, både i Norsk Læreravholdslag (no Rusfri Oppvekst) og DNT sin barneorganisasjon DNTB, ungdomsarbeidet og ikkje minst i  DNT / DNT – Edru Livsstil.

Det kunne gått frykteleg galt

Under krigen var gutane små. Ottar hugsar særleg ei hending frå då dei var seks år gamle og budde hos besteforeldra i Arna sidan tyskarane hadde tatt huset deira.

– Far hadde reist til Sotra kor han arbeidde som sokneprest og mor låg sjuk med gulsott. Dagfinn og eg skulle ned og fiske saman med ei jente på tre år. Plutseleg fall eg i sjøen, og då Dagfinn skulle hjelpe meg opp att, fall han og uti. Sjølv om venninna vår var lita, skaffa ho hjelp: «Bogetvillingane har falt i vatnet», hylte ho, og snart var nokre ungdomar på plass og fekk meg opp. Dagfinn var sukke til botn, og då dei omsider fekk han opp, var han livlaus. Nokre tyskarar som patruljerte i området kom til for å sjå kva som var på ferde, og lukka ville at ein av dei kunne livredning. Mor mi sa bestandig etter det «Tyskarane tok eit liv, og redda eit anna.» Ho refererte då til far vår som døydde i tysk fangenskap i april 1944.

Faren til tvillingane vart teken til fange i 1943. Ottar vert stille og alvorleg i blikket.

– Me såg han gå mellom to væpna tyskarar. Han vart først sendt til Gestapohuset i Bergen i nokre dagar for avhøyr, og deretter til fangeleiren på Espeland kor me såg han for siste gong då me fekk besøke han og gi han to eple. Far sendte eit brev til mor etterpå og skreiv «…og eg som gløymde å takke gutane for epla…»

Året etter at faren døydde kom freden, og med freden kom også fangetoga som køyrde gjennom Arna til Bergen til mange håpefulle på togperrongen. Tvillingbrørne trudde ikkje på mora då ho sa at faren var død, og i lang tid gjekk dei og såg etter faren når toga stoppa på perrongen i Arna.

– Mor viste oss til slutt ein dorull med skrift på. «Om du les dette, er eg sendt til Tyskland.» Dorullen fungerte som skrivepapir og var det siste brevet frå far. Dorullen hadde blitt smugla ut frå fangeleiren i Grini kor han var før ferda gikk mot fangenskap i Tyskland. Han døydde av lungebetennelse i fangeleiren. Kopi av dorullen heng på museet  på Espeland den dag i dag.

Flytter til «Urban»

I dag bur Kjellaug og Ottar vakkert til i åsen over Arna med nydeleg utsikt over heile bygda. Her sit Ottar og løyser kryssord eller skriv lesarinnlegg mot vinspalter som snikreklame eller lokale saker som opptek han, medan Kjellaug strikker små, rosa og lyseblåe huer til nyfødde born, solidarisk og snill som ho også er. Bileta på veggane i stova vitnar om mange fine minner med kvarandre. Bilete av barn, barnebarn og siste skudd på stammen som er dei tre oldebarna dekorerer hyllene i seksjonen. Uteplassen og hagen er velstelt, så det er lett å sjå at nokon har grøne fingrar.

tvillingar_ottar_boge-3
Ottar er glad i hagearbeid, og har murt natusteinsmurane rundt heile huset med eigne hender.

– Me har budd her oppe i Seimsheia sidan me bygde huset i 1970. Naturmurane rundt huset har eg murt sjølv, og det ligg mykje arbeid bak, seier Ottar medan han peiker ut vindauga. Regnet høljar ned utanfor, men det er godt og varmt inne i den koselege stova.

– Tida er inne for å selje. Vi har heldigvis ennå nokre månader på å venne oss til tanken, men det skal bli rart å flytte frå ein stor einebustad til ei mindre leilegheit. Det er Kjellaug som snakkar no. Ho forstår at ikkje ungane vil overta. – Dei har hus sjølve kor dei byggjer sine minner.

Om nokre månader pakkar Ottar og Kjellaug det dei får plass å ta med seg til den nye leilegheit ved Øyrane Torg nede i sentrum, ikkje langt frå lagshuset Ljoshall kor dei begge har lagt ned mykje dugnadsarbeid gjennom fleire tiår.

tvillingar_ottar_boge-1
Ottar var med å byggje Ljoshall på dugnad – lagshuset dei har hatt glede av heilt sidan slutten på 80-talet.

– Ljoshall vart bygd på dugnad og stod klart som lagshus i 1989, men berre ni år seinare måtte me utvide lagshuset fordi det vart for lite for aktiviteten i huset.

Ottar viser stolt fram eit innramma diplom som tvillingbroren i regi av leiar i husstyret har signert saman med laget sin leiar Asbjørn Solberg.  

– Yngre krefter har tatt over drifta nå, det kjennest godt, og når me snart flyttar nærmare vil det bli enklare å gå på møter og aktivitet i lagshuset. Dessverre er ingen av barna våre totalistar, men me trur me har gitt dei ein god ballast og gode verdiar gjennom oppveksten.  

Ottar og Kjellaug ser på kvarandre og viser glede over livet. Dei saknar Dagfinn som døydde i sumar og hans Margit som gjekk vekk så altfor tidleg. På landsmøtet i Kristiansand i fjor såg det kritisk ut for Ottar og som fekk hjarteflimmer og måtte på sjukehuset allereie før landsmøte vart opna.

– Køyreturen sørover heilt frå Bergen var lang og dryg, fortel Kjellaug medan ho held mannen ho feira gullbryllup med for få år sidan trygt på armen. – No har han pacemaker, og det er typisk han å undre seg over at samfunnet vil bruke så mykje pengar på han som er så gamal. Men eg seier til han at han fortener det, smilar ho varmt. – Han som har gitt så mykje til samfunnet gjennom eit langt liv.