Festleg lansering frå Edru Livsstil

På dei nye nettsidene til Edru Livsstil finn du sprudlande festtips.

img_6881
FEST: – Å vera avhalds er slett ikkje kjedeleg, sa Marit Barene, som tysdag kunne lansera festlege nettsider for Edru Livsstil.

Organisasjonen Edru Livsstil markerte lansering av nye nettsider i Nordhordlandshallen tysdag.

– I tillegg til å fortelja om arbeidet til organisasjonen, har dei nye nettsidene også fokus på fest og inspirasjon, fortel Marit Barene, generalsekretær i Edru Livsstil. Ho kunne stolt presentera dei nye nettsidene som organisasjonen har jobba intenst med dei siste månadane.

I samband med arbeidet med nye nettsider, har Edru Livsstil kjøpt domenet «Festbrems.no». Her kan ein finna inspirasjon til ulike feiringar, alt frå matoppskrifter til dekorasjon og aktivitetar.

– Festbrems er eit ord som ofte er negativt lada, men som vi likevel har valt fordi det vert hugsa lett. Så er det noko med å ha litt sjølvironi, og spela litt på fordommar, seier Marit Barene med glimt i augo. Ho er stolt av dei nye nettsidene, som administrasjonen har utarbeidd i samarbeid med det Harstad-baserte webutviklingsselskapet Chiliweb og Frostland.

img_6889
SPRATT KAKA: Styreleiar for Edru Livsstil, Sigmund Kroslid flydde frå Stavanger for å vera med på lanseringa.

img_6848Stort løft

Dei nye sidene er eit kjempeløft for organisasjonen, seier Barene, og fortel at organisasjonen har investert store summar for å verte meir synleg.

Edru Livsstil er ein landsdekkjande organisasjon som driv rusførebyggjande arbeid.

– Vi driv mellom anna førebyggingsarbeid bland born og vaksne, og arbeidar for større aksept for å velja å vera edru. I tillegg har vi fokus på å utvikla fleire attraktive, rusfrie møteplassar, fortel Barene. Edru Livsstil har kontor i Knarvik, Oslo og Molde, men hovudadministrasjonen er i Knarvik. Edru livsstil driv også prosjektet Idrett Utan Alkohol, som arbeidar for at idretten skal vera ein fristad for alkohol.

Ny kampanje

Idrett Utan Alkohol har dei siste månadane arbeidd med ein ny kampanje som nettopp handlar om at idretten bør vera ein fristad frå alkohol.

– For born som har sett alkoholen sine skadeverknader på nært hald, er det spesielt viktig med slike fristader, seier Gro Anette Fanebust, som er prosjektleiar for Idrett Utan Alkohol. Også idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol, og tikjempar Martin Roe, var til stades på lanseringa, og uttrykte at han var godt nøgd med dei nye nettsidene. Roe satser fram mot VM i friidrett i London neste år.

img_6907
STOLT AMBASSADØR: Idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol, tikjempar Martin Roe, var med på lanseringa av nye nettsider. Han satsar fram mot VM i London neste år.

Dei nye nettsidene blei lansert i Nordhordlandshallen, med lunsj, kulturelt innslag ved trompetist Kevin Morales og festkake.

img_6872
TROMPET: Kevin Morales er frå Equador og går på Manger Folkehøgskule. Han stod for det kulturelle innslaget under lanseringa.

img_6871