Ambassadørar i verdensklasse

Diskoskastar Sven Martin Skagestad og tikjempar Martin Roe deltek i desse dagar i VM i Friidrett i London.

Dei er mellom Norges, og til og med verdas beste idrettsutøvarar, men også store førebilete for born og unge.

Fredag skal ambassadør for Idrett Utan Alkohol, tikjempar og Norgesmeister i mangekamp, Martin Roe, i elden under VM i friidrett i London. Roe har sett seg store mål dette året, og trass i ein ankelskade tidlegare i vår ser han ut til å vere i sitt livs form. 24-åringen trener meir enn 30 timar i veka, samstundes som han har jobb på sportsbutikk. Martin Roe kom på 11. plass i EM i friidrett i Nederland i juli i fjor. Her sette han personlig rekord både i lengde og diskoskast i løpet av meisterskapet. I februar blei Roe Noregsmeister i sjukamp inne med 5690 poeng. Han har persa i fleire greiner det siste året, og er meir motivert enn på lenge.

Met mogleg utteljing

– Eg var veldig godt nøgd med 11-plassen i EM, den gav virkelig motivasjon til å satsa vidare, fortel 24-åringen, som byrja med friidrett i ung alder. Frå han var seks år har han trent friidrett, etter at foreldra, som også er trenarane hans, tidlig oppdaga at Martin hadde et heilt spesielt talent for friidrett.

Roe har valt å vera idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol, og synes det er viktig å arbeida for en alkoholfri og inkluderande idrettskultur.

– Eg vel idrett utan alkohol rett og slett fordi eg legg ned så mykje tid og krefter i treninga mi og i idretten, og dette vil eg ha mest mogleg utteljing for. Alkohol set meg kun tilbake, seier Roe.

Sven Martin Skagestad hadde ikkje toppforma inne under VM i London, men har fleire gode prestasjonar bak seg i år og er eit talent vi garantert vil høyra mykje frå i åra framover. Foto: Eirik Førde
Sven Martin Skagestad hadde ikkje toppforma inne under VM i London, men har fleire gode prestasjonar bak seg i år og er eit talent vi garantert vil høyra mykje frå i åra framover.
Foto: Eirik Førde

Til OL i 2020

Også diskoskastar Sven Martin Skagestad er med på laget til Idrett Utan Alkohol. Han vart kåra til fylkets største talent i 2014, vart Nordisk meister i kule og diskos i 2014, og kasta seg til en 13. plass i OL i 2016. 22- åringen frå Godvik hadde dessverre ikke toppforma inne då han kasta i VM sist fredag, men ungguten er framleis eit kjempetalent, og kan truleg sjå føre seg ei lysande karriere på idrettsarenaen.

– Det er min store draum å stå på toppen av pallen i dei Olympiske Leiker, og eg kjem til å gjera alt som skal til for at dette skal realiserast, seier Skagestad.

Også sprintar Salum Kashafali er Idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol. Han er Norgesmeister på 60- meter, og tok 5. plass i Nordisk Meisterskap i 2015.

– Det er utruleg dyktige idrettsutøvarar vi har med oss når vi er ute og frontar rusfri idrett, og det er vi stolte av, seier prosjektleiar for Idrett Utan Alkohol, Gro Anette Fanebust.

Sprinter Salum Kashafali er også ambassadør for Idrett Utan Alkohol, som har satsa på friidrett i 2017. Foto : Eirik Førde
Sprinter Salum Kashafali er også ambassadør for Idrett Utan Alkohol, som har satsa på friidrett i 2017.
Foto : Eirik Førde

Stor påverknadskraft

– Gode førebilete har stor påverknadskraft ovanfor born og unge. Difor er vi glade for å ha desse toppidrettsutøvarane, som marknadsfører ein alkoholfri idrett og sunn livsstil ovanfor born og unge, med oss på laget seier Fanebust. Ho fortel at prosjektet Idrett Utan Alkohol i alt har 11 idrettsutøvarar i sin «stall».

– Desse marknadsfører ein sunn livsstil ovanfor born og unge både på idrettsarrangement, i media, i sosiale mediar og elles i lokale klubbar og idrettslag. Vi trur det er viktig å forsterka eksisterande rusrestriktive standpunkt – som stadig vert utfordra innan idretten, seier Fanebust.

Det landsdekkjande førebyggjande prosjektet – Idrett Uten Alkohol er støtta av Helsedirektoratet for å drive førebyggjande arbeid for at idretten skal vera ein fristad frå alkoholen, spesielt der born og unge ferdes.

– Vi tenkjer at nokre soner skal vera alkoholfrie, og meiner Idretten bør vera ein av desse. Nesten kvart tiande barn i Norge har minst ein forelder som slit med Alkohol. I eit idrettslag veit ein sjeldan kven desse borna er. Idrett Utan Alkohol arbeidar difor for at borneidretten skal vera ein trygg stad – også utanfor bana.

– I Norge er det brei semje i at borneidretten bør vera alkoholfri, men den er dessverre ikkje alltid det. Difor treng vi å halda fram arbeidet for at idretten skal vera ein fristad frå alkoholen, avsluttar prosjektleiaren.

samlet_02 høy oppløsning